Dette er sykkeldyktig.no

Sykkeldyktig.no skal bidra til at alle born skal få like moglegheiter til å skaffe seg gode ferdigheiter på sykkel og grunnleggjande kunnskap om trafikktryggleik. Sykkeldyktig.no er eit verktøy for lærarar som har ansvar for denne delen av kompetansemåla.

På sykkeldyktig.no vil du som lærar finne alt du treng av læringsmateriell for å gjennomføre trafikk- og sykkelopplæring frå 4. til 7. trinn i grunnskulen. Her finn du forslag til undervisningsplanar, filmar og e-læringsoppgåver, og alt kan brukast fritt. Også foreldre vil finne mykje nyttig informasjon og gode tips om sykling med borna sine.

Sykkeldyktig.no er eit samarbeidsprosjekt mellom Trygg Trafikk, Norges Automobil-Forbund, Syklistenes Landsforening og Norges Cyckleforbund. Prosjektet får støtte frå Samferdselsdepartementet og Gjensidigestiftelsen.

Ja til trygg og sikker sykling!

Du som forelder kan også hjelpe til

Foreldre og andre vaksne spelar ein viktig rolle for at barn skal utvikle ferdigheiter på sykkel, trafikkforståing og god atferd i trafikken.