Forside /Aktuelt/Aktuelt/Sikker på sykkel: Bli med og bli endå betre!

Sikker på sykkel: Bli med og bli endå betre!

Ønskjer de hjelp til å ta sykkelopplæringa eit steg vidare? Då er «Sikker på sykkel» eit viktig bidrag for å motivere lærarar og born til å engasjere seg i opplæringa. Hovudpremien er å representere Noreg i den internasjonale finalen i den europeiske trafikkopplæringskonkurransen ETEC.

Rundt 40 000 born er med i sykkelopplæringa til NAF kvart einaste år. Alle skular i Noreg kan delta i ein kunnskapsdriven konkurranse for born mellom 10 og 12 år.

Gjennom Sykkeldyktig.no får alle ei god sykkelopplæring. For dei som ønskjer litt ekstra motivasjon i sykkelopplæringa, er det ein god idé å bli med på «Sikker på sykkel». Gjennom teoretiske og praktiske oppgåver blir borna utfordra i trafikkunnskap og sykkelferdigheiter.

Første steg er sykkelopplæringa på skulen gjennom Sykkeldyktig.no. Dei to elevane de ønskjer at skal representere skulen vidare i «Sikker på sykkel», ei jente og ein gut, blir melde på til ein distriktsfinale i regi av NAF. Dei to beste jentene og dei to beste gutane i landsfinalen vinn ei fantastisk oppleving, som er å representere Noreg i europafinalen. Finalen blir arrangert av FIA (Federation Internationale de l’Automobile)

NAF dekkjer alle kostnader i både den nasjonale og den internasjonale finalen.

Er dette noko for skulen din? Finn ut meir om kva «Sikker på sykkel» er.