Forside /Aktuelt/Aktuelt/Små elektriske køyretøy – kva er lov å bruke i trafikken?

Små elektriske køyretøy – kva er lov å bruke i trafikken?

Elsparkesykkel, hoverboard, segway, airwheel, elektrisk skateboard – dette er døme på små elektriske køyretøy som det er lov å bruke i trafikken.

Eit lite elektrisk køyretøy er rekna som ein sykkel så lenge køyretøyet

  • er maksimalt 85 cm breitt
  • er maksimalt 120 cm langt
  • veg maksimalt 70 kg (inkludert batteri)
  • har ein toppfart på maksimalt 20 km/t (det må ikkje vere mogleg å endre fartssperra)

Eksemplar på små elektriske køyretøy

Reglar for små elektriske køyretøy

For at det skal vere lov å ha sete på køyretøyet, må det ha sjølvbalanserande teknologi. Det er altså ikkje lov med sete på ein elsparkesykkel.

Dei små elektriske køyretøya skal vere utstyrte med refleks og ringjeklokke – med mindre det ikkje er mogleg å montere dette.

Som for vanlege syklar er det også for desse køyretøya påbode å bruke front- og baklys i mørkeret og når det er dårleg sikt. Lysa kan festast på føraren dersom det ikkje er plass til å feste dei på køyretøyet, men det er ikkje tillate å ha lys berre på hovudet eller hjelmen til føraren.

Lova krev òg at køyretøyet skal ha effektive bremsar, slik at det kan stansast raskt og trygt.

Det er ikkje påbode å bruke hjelm, men det er lurt å bruke det.

Her finn du meir informasjon: