Forside /For lærarar / Informasjon til foreldre

Her er eit forslag til informasjon som kan tilpassast kvar enkelt skule og delast med foreldra:

 

 

Informasjon om trafikkopplæring på sykkel til føresette ved XXXX skule

Faget kroppsøving legg til rette for eit breitt utval av bevegelsesaktivitetar, og for dei fleste barn er det viktig å lære seg å sykle. For å nå måla i læreplanen og medverke til at elevane etter 7.trinn har utvikla ferdigheiter på sykkel, gjennomfører vi trafikkopplæring på sykkel både etter 4., 5. og 6.trinn. Gjennom samarbeid mellom skule og heim og å bruke læringsportalen sykkeldyktig.no, får elevane teoretisk og praktisk opplæring med ein naturleg og god progresjon.

Kompetansemåla som er relevante i faget kroppsøving:

Etter 4.trinn:

  • forstå og følgje reglar i trafikken

Etter 7.trinn:

  • utforske og gjennomføre leik og spel saman med andre i ulike bevegelsesaktivitetar
  • øve på samansette bevegelsar, åleine og saman med andre
  • gjennomføre aktivitetar ut frå eigne interesser og føresetnader i dans, frisluftsliv, idrettsaktivitetar og andre bevegelsesaktivitetar
  • vurdere sikkerheit i uteaktivitet og naturferdsel og gjennomføre sjølvberging i vatn

Skulen sine oppgåver:

  • gje informasjon om sykkelopplæringa i god tid før opplæringa tek til
  • bruke sykkeldyktig.no i opplæringa
  • øve på sykkelferdigheiter i skulegarden og på sykling i trafikken
  • gje føresette tips til informasjon og oppgåver på sykkeldyktig.no
  • gje alle elevar og føresette tilbakemelding undervegs i opplæringa om kva slags ferdigheiter elevane treng å øve meir på, og eventuelle feil eller manglar på sykkel og hjelm

Dei føresette sine oppgåver:

  • sørgje for at sykkelen er i forsvarleg teknisk stand. Påbode utstyr er: ringeklokke, for- og bakbrems, kvit eller gul refleks framme, raud refleks bak, kvitt eller gult lys framme og raudt lys bak. Lys er påbode ved sykling i mørkret eller vêr som gjev dårleg sikt
  • sørgje for at barna har sykkelhjelm som passar
  • trene saman med barna på ferdigheitsøvingar som er forklarte på sykkeldyktig.no
  • sykle saman med barna slik at dei får mykje nyttig sykkelerfaring.

Samarbeid gjerne med andre foreldre og tren fleire saman. Informasjon om opplæringa og forslag til aktivitetar som de kan nytte i øvinga, finn de på sykkeldyktig.no. Ta gjerne kontakt med læraren om de har spørsmål.

 

Sykle til skulen

Det er dei føresette som bestemmer når barna skal få lov til å sykle til skulen. Dette er omtalt i Forskrift til opplæringslova, §12-1. I same forskrift står det også at skulane bør ta inn føresegner som nærare regulerer trafikksikkerheit og andre førebyggjande tiltak i ordensreglementet. Skulen og FAU har difor gjort ei vurdering av skulevegane. På grunnlag av trafikktilhøva på skulevegen og kunnskap om barna sine fysiske føresetnader, tilrår vi at elevane syklar åleine til skulen først etter at trafikkopplæring på sykkel er gjennomført på (4.,5. eller 6.) trinn.

Det er bra om de syklar til og frå skulen saman med elevane før dei får sykle åleine. Då får dei nyttig erfaring og øving på å ferdast i trafikken, og det er enklare for dykk å vurdere barna sine ferdigheiter.

Skulen og FAU tilrår òg at alle born brukar sykkelhjelm når dei syklar til skulen, og når dei syklar i skuletida.

Før vi startar opplæringa, sender vi ut eit skjema der vi ber dykk godkjenne at barnet dykkar kan sykle til skulen dei dagane vi øver.

 

Lykke til!