Forside /For lærarar / Praktiske øvingar

Øving 1

Å sykle sakte i smalt felt

Elevane skal bruke minst 10 sekund på å sykle gjennom feltet. Tida startar frå framhjulet på sykkelen deira køyrer inn i feltet, til dei er ute av feltet. Føtene deira skal ikkje røre bakken, og sykkelhjula skal ikkje røre kantlinjene. 

Skriv ut

Øving 1

Å sykle sakte i smalt felt

Mål:

Elevane skal bruke minst 10 sekund på å sykle gjennom feltet. Tida startar frå framhjulet på sykkelen deira køyrer inn i feltet, til dei er ute av feltet. Føtene deira skal ikkje røre bakken, og sykkelhjula skal ikkje røre kantlinjene. 

Tips:

Ein god og stødig balanse er grunnleggjande for å sykle sikkert, og elevane må ha god balanse for å kunne ha kontroll om dei må nødbremse.

Det er lettare for elevane å halde balansen i låg fart ved å bremse mens dei har ei viss pedalkraft.

Det hjelper òg om dei har mjuke armar med bøygd olboge og siktar blikket langt framover. I trafikken må elevane òg kunne bevege blikket, så det er viktig at dei trener på å sykle sakte samstundes som dei beveger blikket til sidene.

Øving 2

Å køyre på planke

Elevane skal sykle over ein planke med begge hjula på planken frå ende til annan. Undervegs skal dei bevege blikket til begge sider og vri tydeleg på hovudet.

Skriv ut

Øving 2

Å køyre på planke

Mål:

Elevane skal sykle over ein planke med begge hjula på planken frå ende til annan. Undervegs skal dei bevege blikket til begge sider og vri tydeleg på hovudet.

Tips:

Dette er ei vidareutvikling frå øving 1. Her vel elevane farten sjølv, men du må minne dei om å ha mjuke armar og rette blikket framover.

For at elevane skal treffe planken riktig og kunne halde stø kurs, er det viktig at dei lærer seg å finne eit siktepunkt langt framme, i forlenginga av planken. Dette må skje før dei køyrer opp på planken. Ser elevane ned, blir det særs vanskeleg for dei å halde stø kurs.

Øving 3

Å vende

Elevane skal sykle inn i firkanten, sykle ein runde i sakte gangfart og sykle ut att. Føtene deira skal ikkje røre bakken, og sykkelhjula skal ikkje røre kantlinjene. Elevane skal meistre øvinga i begge retningar.

Her er det viktig at elevane bruker blikket riktig. Få dei til å flytte blikket innover i svingen før dei dreier på styret og bruker balanseteknikken frå øving 1 og 2.

Er det elevar som har vanskar med øvinga, kan dei trene på å sykle rundt og rundt i ein større sirkel før dei gradvis køyrer i mindre sirklar.

Øving 4

Å køyre slalåm

Målet er at elevane skal ha god balanse med éi hand på styret, slik at dei kan gi teikn i trafikken.

Skriv ut

Øving 4

Å køyre slalåm

Mål:

Målet er at elevane skal ha god balanse med éi hand på styret, slik at dei kan gi teikn i trafikken.

Tips:

Elevane må rette blikket opp- og framover som i dei førre øvingane. Om øvinga er vanskeleg for elevane, kan du gjerne begynne med større avstand mellom kjeglene og redusere avstanden etter kvart som ferdigheitene til elevane veks. Dei kan òg starte øvinga med to hender på styret.

Øving 5 a

Å stanse på ein avmerkt stad med stoppteikn

Elevane skal kunne bremse normalt med stoppteikn og god balanse.

Skriv ut

Øving 5 a

Å stanse på ein avmerkt stad med stoppteikn

Mål:

Elevane skal kunne bremse normalt med stoppteikn og god balanse.

Tips:

Elevane skal komme i god sykkelfart og bremse ned til stans i eit behageleg tempo. Dei skal rekkje ei hand i vêret under heile oppbremsinga. Etter stans skal dei berre røre bakken med éin fot. Elevane skal stanse heilt inntil pinnen utan å røre han.

Her vil elevane lære kor langt unna dei må begynne å bremse mjukt opp, for å stanse der dei ønskjer. I trafikken er det nyttig å ha ei hand i vêret som stoppteikn, men det gjer det vanskelegare å balansere og bremse opp. Dersom elevane synest oppgåva er vanskeleg, kan dei starte i låg fart med begge hendene på styret.

Øving 5 b

Å stanse på avmerkt stad med hard bremsing

Elevane skal kunne bremse effektivt ved å bruke begge bremsane.

Skriv ut

Øving 5 b

Å stanse på avmerkt stad med hard bremsing

Mål:

Elevane skal kunne bremse effektivt ved å bruke begge bremsane.

Tips:

Elevane skal komme i god sykkelfart og bremse raskt ned til stans ved å bruke begge bremsane.

Her er det særs viktig at elevane rettar blikket langt framover og har så mjuke armar som mogleg. Stive armar gir ubalanse.

Dei fleste er trygge på å bremse raskt med bakbremsen, men frambremsen er faktisk særs mykje meir effektiv. Utfordringa her er at det er større fare for å velte. Derfor er det viktig at elevane forstår at dei ikkje veltar fordi dei bremsar, men fordi dei har dårleg balanse når dei bremsar opp. Dei må derfor kunne stanse mjukt med god balanse, før dei trener på dette.

Begynn med å la elevane bruke berre bakbremsen. Ver nøye med å la dei kjenne på om dei har snorrett kurs mens dei bremsar, og heilt stødig balanse i det augeblikket dei stansar. Deretter kan dei trene med berre frambremsen. La dei begynne med å bremse tilnærma normalt. Deretter kan dei bremse kraftigare opp etter kvart som dei blir flinkare. La elevane samanlikne bremselengdene med berre frambremsen og berre bakbremsen.

Når elevane meistrar dette, kan dei trene på å bruke begge bremsane samstundes. Då kan dei oppdage at bremselengda blir kortare om dei bremsar jamt med begge bremsane, enn om dei bremsar hardt med berre bakbremsen.