Forside /For lærarar / Trafikkopplæring i det nye læreplanverket

Kompetansemåla frå kroppsøvingsplanen som er spesielt relevante for sykling

Etter 2. trinn:

  • Øve på trygg ferdsel i trafikken

Etter 4. trinn:

  • Forstå og følgje reglar i trafikken

Etter 7. trinn:

  • Utforske og gjennomføre leik og spel saman med andre i ulike bevegelsesaktivitetar
  • Øve på samansette bevegelsar, åleine og saman med andre
  • Gjennomføre aktivitetar ut frå eigne interesser og føresetnader i dans, friluftsliv, idrettsaktivitetar og andre bevegelsesaktivitetar
  • Vurdere sikkerheit i uteaktivitet og naturferdsel og gjennomføre sjølvberging i vatn

 

Trafikkopplæring og skulen sitt verdigrunnlag i overordna del

Utgangspunktet for trafikkopplæring er ganske enkelt – mennesket sin ukrenkelege og unike verdi. Difor tek trafikkopplæringa utgangspunkt i menneskerettane, og i verdiane i overordna del. Det betyr at skade på materiell, kostnader og andre trafikkrelaterte problemstillingar  er underordna og uvesentleg sett opp mot eksistensen og verdien til mennesket, noko som må overstyre alle andre vurderingar.

Vi tek mange val i trafikken som ikkje kan sameinast med at mennesket sin verdi er ukrenkeleg. Skulen har ei viktig oppgåve med å formidle dette til alle elevar. Gjennom overordna del og læreplanar i faga blir det gjeve føringar for dette.

Den overordna delen av læreplanverket omhandlar grunnsynet som skal prege pedagogisk praksis i heile grunnopplæringa. Den skal også vere grunnlaget for samarbeidet mellom heim og skule.

I overordna del står det mellom anna at opplæringa skal danne heile mennesket og gje kvar og ein høve til å utvikle eigne evner. Danning skjer når elevane får kunnskap om og innsikt i natur og miljø, språk og historie, samfunn og arbeidsliv, kunst og kultur, og religion og livssyn. Danning skjer også gjennom opplevingar og praktiske utfordringar i undervisninga og i skulekvardagen. Eit breitt spekter av aktivitetar, frå strukturert og målretta arbeid til spontan leik, gjev elevane erfaringsrikdom. Elevane vert danna i møte med andre og gjennom fysisk og estetisk utfalding som fremjar bevegelsesglede og meistring.

Læreplanen i kroppsøving

Om faget:

Faget skal motivere elevane til å halde ved like ein fysisk aktiv og helsefremjande livsstil etter at dei er ferdige med skulegangen og i framtidig arbeidsliv.

Alle faga skal medverke til å realisere verdigrunnlaget for opplæringa. Kroppsøving skal medverke til å gje elevane høve til å praktisere og reflektere over samspel, medverknad, likestilling og likeverd på ulike måtar.

Bevegelseskultur i form av leik, friluftsliv, dans, svømming, idrettsaktivitetar og andre bevegelsesaktivitetar er ein del av danninga og identitetsskapninga i samfunnet. Kroppsøving tek vare på tradisjonell bevegelsesaktivitet i samfunnet, men stimulerer også til eksperimentering og kreativ utfalding i alternative bevegelsesformer.

Uteaktivitet og naturferdsel gjev grunnlag for naturglede, respekt for naturen og miljømedvit.

 

Kjerneelement i faget

Uteaktivitetar og naturferdsel:

Elevane skal bruke nærområdet og utforske naturen gjennom varierte uteaktivitetar under vekslande årstider. Naturopplevingar og trygg og berekraftig ferdsel er sentralt.

 

Tverrfaglege tema

Folkehelse og livsmeistring

Elevane skal også lære å forvalte helsa som ein ressurs på ein måte som gagner den einskilde, og lære å ta val som er gode for både eiga og andre si helse gjennom livet.

Berekraftig utvikling

I kroppsøving handler det tverrfaglege temaet berekraftig utvikling om naturopplevingar med vekt på trygg og berekraftig ferdsel. Faget skal medverke til forståing for at vala kvar einskild gjer, har betyding og konsekvensar for berekraftig utvikling og vern av livet på jorda både lokalt, regionalt og globalt.

 

*Tekstane over er henta frå læreplanverket sin overordna del og læreplanen i kroppsøving som vert teke i bruk frå skuleåret 2020 – 21.