Forside /FramsideNy / På sykkeltur med barn

Over heile Noreg finst det godt med moglegheiter for sykkelturar, også mange som eignar seg for familiar med barn. Sykkelbøker, kart og guidar kan gje tips om eigna ruter.

For dei som ønskjer seg utanlandstur med barna, er det òg mykje å velje i. I land som Danmark, Tyskland, Nederland og Austerrike er det mange flotte sykkelruter på fine asfaltvegar frie for trafikk. I Tyskland og Austerrike er det bygd sykkelvegar langs breidda av dei store elvane og rundt innsjøar. Her får du det altså både flatt og bilfritt.

Der det ikkje er bygd spesifikke sykkelruter, vil eit godt kart fortelje deg kvar du finn små, alternative vegar. Desse er òg eit godt utgangspunkt for sykkelturar. Her til lands vil ofte dei alternative vegane vere dei beste for barn.

Barn likar sykkelturar.

 

 

 

Lengda på turen

Distansen må vere tilpassa nivået til barnet. Sykkelferdigheitene, fysikken og den mentale innstillinga varierer veldig frå barn til barn. Ta òg omsyn til kor vanskeleg ruta er.

Ein enkel regel er at barn klarer ein gjennomsnittsfart på mellom 5 og 10 km per time. Då er småpausar tekne med i reknestykket. Med gode pausar vil 3–4 timar med sykling vere oppnåeleg i løpet av ein dag. Det vil seie frå 1,5 til 4 mil om dagen. Barn er forskjellige, og det er viktig å ta omsyn til dette. På fine vegar kan ein dagsetappe på opptil 7 mil vere oppnåeleg for barn frå 8 år.

Variasjon og kvile

På ein sykkeltur med fleire overnattingar kan det vere lurt å variere dagsetappane – nokre korte og nokre lange. I tillegg kan ein leggje inn ein kviledag når det passar. I mange tilfelle vil valet av overnattingsstader vere avgjerande kor lange dagsetappane blir. Nokre vel òg å liggje fast på éin stad og ta sykkelturar derifrå.

I løpet av turen må ein leggje inn mange kortare og lengre pausar. Det er særleg viktig å drikke nok, men òg å ete undervegs for å halde humøret og energinivået oppe. Barn bør ha drikkeflaske i stativ på sin eigen sykkel.

Tryggleik

Skal du sykle med barn, er det viktig å tenkje på tryggleiken. Helst bør de sykle der biltrafikken er fråverande eller minimal.

Syklar du med eit barn på ein veg med biltrafikk, bør du liggje bak og litt ut til venstre for barnet. Ein stor fordel er å ha montert ein spegel på sykkelen. Då kan du heile tida ha full oversikt og vere førebudd på kva som kjem bakfrå.

Når ein bil skal passere, legg du deg endå litt lenger ut i vegbanen. Då blir avstanden til bilen og tryggleikssona til barnet endå større. Samtidig gjev du beskjed til barnet om å halde godt inn til høgre. Eit flagg montert på barnesykkelen gjer at han blir meir synleg.

Bagasje

Anten ein skal på dagstur eller overnattingstur med barn, må ein alltid ha med oppakning. Dei minste må ikkje ha noko ekstra vekt på sin sykkel. Sekk på ryggen er heller ikkje tilrådeleg.

Dette tek du med på tur:  

  • tre dekkspakar
  • lappesaker
  • pumpe
  • ekstra sykkelslange som passar dekka
  • strips til å feste eventuelle lause delar med
  • multiverktøy med riktige unbrakonøklar
  • skrutrekkjar
  • sykkelcomputer – for å motivere barna

Overnattingsturar

Overnattingsturar krev meir bagasje. Vel du telttur, aukar både vekta og volumet på bagasjen, men til gjengjeld får du meir fridom og naturkjensle. Betalt overnatting kan bli dyrt, men du slepp mykje bagasje. Reisebyrå tilbyr òg pakketurar for syklistar der bagasjen blir frakta frå stad til stad.

Kva er så best til å frakte bagasjen i? Her står valet mellom sykkelvesker og sykkelvarehengjar. Ein varehengjar er lettare å sykle med enn fulle vesker på sykkelen. Uansett kva du vel, så ikkje bruk ryggsekk. Ein sekk er tyngre for ryggen, gjev større press mot setet, gjer det vanskelegare å halde balansen og gjer deg meir klam og sveitt.

Ver kritisk

Gå nøye gjennom kva du tek med deg. Del tinga inn i tre kategoriar:

  1. det du absolutt treng
  2. det du kanskje får bruk for
  3. det du eigentleg ikkje treng, men som du synest det kan vere fint å ta med

La alt i kategori 3 og halvparten av tinga i kategori 2 bli heime.

Å passere ein bom er inga sak når barnet har lært å ha full kontroll på sykkelen.