Det er brei støtte for å arbeide med trafikkopplæring på sykkel i kroppsøvingsfaget i dei nye læreplanane som trer i kraft frå skuleåret 2020-21. Faget legg til rette for eit utval av rørsleaktivitetar. For dei fleste barn er det viktig å lære seg å sykle. Trafikkopplæring på sykkel skal tilføre elevane haldningar og vanar som varar livet ut, og øve eigenskapane til å bruke merksemda, tenkje risiko og ta trygge val i trafikken.
På kurset får du som lærar tips og råd om korleis du kan planleggje og gjennomføre teoretisk og praktisk opplæring ved å bruke den heilt nye læringsportalen sykkeldyktig.no
Sjå film om kvifor du bør bruke sykkeldyktig.no i opplæringa.
Innhald:
- Trafikkopplæring på sykkel i ny læreplan i kroppsøving
- Bruk av sykkeldyktig.no i opplæringa
- Sikkerheit og risiko
- Foreldresamarbeid
- Praktiske øvingar på sykkel
Ta kontakt med Trygg Trafikk i fylket ditt for meir informasjon, eller sjå oversikt over planlagde kurs i Trygg Trafikk sin kurskalender.