Forside /For foreldre / Barnesykkelen

Sykkelen bør vege så lite som mogleg. Å betale noko meir for ein lett sykkel er ei god investering. Sørg òg for at han har gode bremsar som er enkle å bruke.

Det er betre å investere i ein god sykkel som kan seljast eller gå i arv, enn ein billig sykkel.

Den første sykkelen

Får eit barn sykkel før han eller ho har lært å sykle, bør ikkje sykkelen vere større enn at barnet kan setje begge føtene i bakken når setet er justert heilt ned. Å velje ein sykkel som barnet har lyst på er viktig, men det viktigaste er å sjekke at sykkelen har ein kvalitet som held mål.

Bremsar

Sykkelen skal vere utstyrt med to bremsar – éin på bakhjulet og éin på framhjulet. Framhjulsbremsen blir alltid betent med eit bremsehandtak på styret.

Sykkelen blir anten levert med ein trommelbrems eller felgbrems i bakhjulsnavet som blir betent ved at ein tråkkar pedalen bakover, eller med ein felg-/skivebrems som blir betent med eit handtak på styret. Barnet må rekkje bremsehandtaket med fingrane og skal lett kunne dosere riktig bremseeffekt. Sjekk dette nøye.

Bruksområde

Når dei grunnleggjande sykkelferdigheitene er innøvde, kan barnet begynne å sykle fleire stader. Då må barnesykkelen, akkurat som syklar til vaksne, vere utstyrt med

  • minst to separate bremsar som verkar uavhengig av kvarandre – éin på framhjulet og éin på bakhjulet
  • raud refleks bak («kattauge»)
  • kvit eller gul refleks på begge sider av pedalane eller på pedalarmane
  • signalklokke

Når sykkelen blir brukt i mørkeret eller skumringa på vanleg veg, skal han ha tente lykter med kvitt eller gult lys framme og raudt lys bak. Lyktene skal vere festa på sykkelen og skal ha fast eller blinkande lys.

Dette gjeld når barnet syklar på gate eller veg – inklusive fortau, gang- og sykkelveg, turveg, skogsveg med meir. Dei einaste stadene der krava til utstyr på sykkelen ikkje gjeld, er på område som ikkje er veg, slik som på leikeplassen, i hagen og i skulegarden.

Trehjulssyklar for barn og løpesyklar utan pedalar blir rekna som leiketøy og er ikkje omfatta av trafikkreglane.

Påbode utstyr:

  • signalklokke
  • raud refleks eller raudt lys bak
  • bakbrems
  • kvit eller gul refleks på pedalane eller pedalarmane
  • frambrems
  • kvitt eller gult lys i mørkeret og i vêr med dårleg sikt

Hjelm

Sykkelhjelm er ikkje påbode i Noreg, men barn bør alltid bruke hjelm når dei syklar. Vel ein hjelm som passar godt, med reimar som kan justerast slik at hjelmen sit riktig på hovudet. Er hjelmen feil sett på, har han inga nytte og beskyttar ikkje i det heile teke. Bruk god tid på dette. Når hjelmen er justert og plassert på hovudet, skal han nesten ikkje kunne flyttast framover eller bakover.

Kjøp den lettaste sykkelen. Det gjev sykkelglede!

 Med sykkelen kan barnet leike seg til ferdigheiter.